Gå til sidens hovedinnhold

Pandemien sin høge kostnad

100 millionar fleire barn lev i fattigdom

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Torsdag denne veka kom Unicef med ein ny nedslåande rapport: 100 millionar fleire barn veks no opp i fattigdom på grunn av pandemien. Tala for 2020 her i Noreg kjem først våren neste år, men det er ingen grunn til optimisme. Sanninga er at eg gruer meg til å sjå arva etter åtte år med Erna Solberg si høgreregjering; i 2019 hadde tala stige til 115.000 barn som veks opp i fattigdom - og det var før pandemien inntraff!

Vi har ein mektig og alvorlig jobb foran oss. Eit barn som veks opp i fattigdom, er eitt for mykje. Heldigvis fekk vi eit valresultat som sikra fleirtall for ei sosialdemokratisk regjering, med Arbeidarpartiet i spissen, som skal snu ei av Solberg sine tristaste trendar.

Ei ny retning og eit nytt håp for alle familiar som slit økonomisk ser vi allereie i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa gjeninnfører barnetillegget for dei som er uføre (som Solberg-regjeringa fjerna), vi får på plass ei tilskuddsordning for barn og unge som skal brukast til å inkludere dei i fritidsaktivitetar, vi sørger for billigare barnehage, gjeninnfører brillestøtta, gir 300 millionar kroner til dei som har størst behov for hjelp i kommunar og ytterligare 4,5 milliard kroner i auka frie inntekter til kommunane. I tillegg skal dei mest sårbare barna som er heilt avhengige av at samfunnet stiller opp, få eit betre barnevern.

Og det stopper ikkje der. Vi skal også sørge for at fleire barn får tilgang til gratis utlån av idretts- og friluftsutstyr. Fordi ingen skal måtte grue seg til bursdag, utedag på skulen eller for å ikkje kunne delta i aktivitetar fordi dei manglar utstyr til å delta.

Samtidig som vi med tiltaka ovanfor fokuserer på barna og familiane sine behov her og no, må sjølve årsaken til barnefattigdom kjempast med sterkast lut: Foreldre som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet. Difor er arbeid til alle alltid jobb nummer éin for Arbeidarpartiet. Alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheita til det, og samtidig få ei lønn å leve av.

Dei neste fire åra blir beintøffe for å få snudd den negative utviklinga, men eg har full tru på at det er det sosialdemokratiske prosjektet som skal til for å klare nettopp det!

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 09:00.