Gå til sidens hovedinnhold

– Oslofjord for alle

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er viktig for regjeringa å sikre befolkninga tilgang til den flotte naturen langs Oslofjorden. Det kjem ikkje minst fram i den tiltaksplanen vi nyleg la fram.

Eg stiller meg difor noko undrande til innlegget til 1.-kandidat til stortingsvalet for SV i Vestfold, Grete Wold, og leiar i Færder SV, Stein Vidar Samuelsen, i Gjengangeren 19. april 2021. Der meiner dei at regjeringa ikkje gjer nok for å leggje til rette for friluftslivet.

Les innlegget fra Wold og Samuelsen her

Regjeringa har sida 2014 sikra ei rekkje attraktive friluftslivsområde langs Oslofjorden. Desse områda er blitt varig verna mot nedbygging og kan brukast av alle som ønskjer det. Gjennom ordninga har vi òg gitt midlar til å kjøpe opp hytteeigedomar slik at desse areala kan bli friluftslivsområde for alle. Dei sikra områda er ikkje minst mykje brukt av barnefamiliar og eldre.

Regjeringa har styrkt budsjettet til Skjærgårdstjenesten, som jobbar med drift og skjøtsel av dei sjøbaserte friluftslivsområda i Oslofjorden. Slik legg vi til rette for ein høg bruk av friluftslivsområda utan at det går ut over naturverdiar eller områda sine kvalitetar.

Regjeringa har oppretta ein ny nasjonalpark i Oslofjorden, i form Jomfruland nasjonalpark. Saman med Ytre Hvaler nasjonalpark og Færder nasjonalpark fører dette til at store og attraktive naturområde langs Oslofjorden er verna for all framtid.

Miljødirektoratet kom i 2019 med ein rettleiar om fjerning av ulovlege stengsler i strandsona, og regjeringa vil gi auka rettleiing til kommunane i arbeidet med oppfølging av ulovlege byggjetiltak. Vi vurderer ei ordning med juridisk hjelp til kommunane langs Oslofjorden for å fjerne ulovlege inngrep og stengsler i strandsona slik at alle fårbetre høve til friluftsliv i strandsona.

Vidare vil regjeringa etablere eit kystsonenettverk beståande av kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltaren. Nettverket skal gi betre kompetanse om forvaltning av areal i strandsone og i sjøområda.

Ein restriktiv praksis når det gjeld bygging innanfor 100 meter mot sjøen er viktig for å unngå ytterlegare nedbygging av strandsona. Derfor inneheld planen for Oslofjorden føringar om ei streng praktisering av plan- og bygningslova sitt byggjeforbod i strandsona. Vidare vil regjeringa gi statsforvaltaren eit oppdrag om ei tettare oppfølging av kommunane sin dispensasjonspraksis i strandsona for hindre ytterlegare bit-for-bit nedbygging.

Eg meiner på denne bakgrunnen at regjeringa si politikk og tiltaka i Oslofjordplanen vil betre høve for friluftsliv langs heile Oslofjorden.

Kommentarer til denne saken