Fylkesvegar i Telemark – over stokk og stein

Av
DEL

MeningerKrF er og har vore eit viktig og godt miljøparti. KrF sat mellom anna i den einaste regjeringa som nokon gong har gått av grunna ei miljøsak.

Me ynskjer mellom anna å intensivere overgangen til elektrifisering i trafikken og betre kollektivtilbodet der det er samfunnsøkonomisk forsvarleg.

Likevel ser me at mange fortsatt er avhengig av bil, særleg i øvre og indre delar av Telemark, der kollektivtrafikk er eit lite aktuelt alternativ i dei fleste situasjonar.

Om du vågar deg ut på køyretur i Vest-Telemark, vil du snart oppleve at om du forvillar deg inn på ein fylkesveg, går det snart over stokk og stein – bokstavleg talt. Ein kuriositet her: Tyske reisemagasin rår bubil-turistar til å halde seg vekk frå Riksveg 41 (Kristiansand-Brunkeberg) grunna elendige vegar, og heller køyre Rv 9 gjennom Setesdal. Det er flott i Setesdal òg, men likevel trist å tenkje på dei tapte turistinntektane ein kunne sitte att med i Telemark.

Av tiltak som er skildra i handlingsprogrammet til Telemark fylkeskommune for 2019-2022, er Vest-Telemark «tilgodesett» med 7,2% av midlane til investering.

Dette er uforskamma lite med tanke på kor stor del av fylkesvegnettet som ligg i Vest-Telemark.

Statens vegvesen reknar om lag 3 milliardar i etterslep på fylkesvegnettet i Telemark. Ei hovudoppgåve for det nye fylkestinget må vere å arbeide hardt for å få auka rammene til dette området. Og det vil KrF vere med på.

KrF ynskjer at folk skal ta i bruk heile Telemark. Ei auke satsing på fylkesvegane i grisgrendte strok vil vere særs viktig med tanke på busetjing og moglegheit for næringsutvikling og turisme i desse områda.

Då er det viktig at me viser det i praksis, særleg med tanke på at me no må forhandle med Vestfold om midlane i tillegg.

Geir Chr. Enger - 8.kandidat, Vestfold og Telemark KrF - Varaordførar, Nissedal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags