Gjer det lett å vera nynorskelev i Vestfold og Telemark fylke!

Av
DEL

MeningerFrå og med 1. januar 2020 går Telemark inn i eit nytt fylke saman med bokmålsfylket Vestfold. I gårsdagens Telemark har mange nynorskelevar opplevd at det er vanskeleg å vere nynorskelev, og fleire har bytt til bokmål.Særleg om dei flyttar frå nynorskområda i vest for å gå på skule i Grenlandsområdet. I framtidas Vestfold og Telemark må det vere like lett å vere nynorskelev som å vere bokmålselev.

Nynorsken har lange tradisjonar og mange brukarar i dagens Telemark, særleg i Midt- og Vest-Telemark. I Telemark er det fleire nynorskkommunar og mange nynorskskular, men somme stader er det likevel eit stort språkskifte frå nynorsk til bokmål. Nynorskbrukarane er under eit press sidan dei er i mindretal nasjonalt, og mange stader lokalt. Når ein lagar eit nytt fylke, må politikarane ta ansvar for å ta vare på nynorsken og det store nynorskmindretalet.

Det skal vera like lett å vera nynorskelev enn bokmålselev i den vidaregåande skulen i Vestfold og Telemark. Det må vere eit mål for fylket at ingen elevar byter til bokmål gjennom skuletida. For å nå eit slikt mål må skulane som tek imot flest nynorskelevar ta eit særskilt ansvar for å sikre nynorskelevane eit godt skulemiljø som ikkje gjer det vanskelegare å vera nynorskelev. Skulane i nynorsområda skulane må verte definerte som nynorskskular, der lærarane i hovudsak skal undervise på nynorsk, og all administrativ språkbruk og all skilting må vera på nynorsk. Elevane treng å sjå nynorsk rundt seg i kvardagen. Elevane bør få oppmodingar frå skulen og lærarane sine om å halde på nynorsken, og skulane må leggje til rette for at det er lett.

I dag finst det nynorskelevar på vidaregåande skular både i nynorskområda I Vest-Telemark, i bokmålsområda som Grenland – og på dei vidaregåande skulane i Vestfold. Det er ikkje utenkjeleg at nynorskelevar i det nye fylket i endå større grad vil søkja seg til større skulane i bokmålsområda. Då må dei verte møtte på ein måte som gjer det lett å halda fram som nynorskelev, og som ikkje pressar dei til å skifta hovudmål. Eit nytt fylke gjev nye sjansar til å gjere ting betre – og me ventar partia i det nye fylkestinget vil ta tak i dette.

Kristina Bjørnereim - leiar i Sandefjord elevmållag

Nikolai Hagevold Krohne - leiar i Målungdomen i Telemark

Gunnhild Skjold - leiar i Norsk Målungdom

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags