Horten i skvis mellom samferdsel og miljø

UTFORDRING: Innsenderen utfordrer fagfolk i Horten og Vestfold til en mer miljøvennlig utvikling, blant annet innen transport.

UTFORDRING: Innsenderen utfordrer fagfolk i Horten og Vestfold til en mer miljøvennlig utvikling, blant annet innen transport. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Vestfold har frå naturen ei gunstig plassering når det gjeld tilkomst sjøvegs. Vi har busett oss rett ved kystleia eller har kort veg til sjøen.

DEL

MeningerLenge var sjøen den enklaste måten å reise og frakte gods på. No ei tid har transporten i Noreg i hovudsak gått på landevegen.

Bakgrunn er at staten no ein mannsalder har satsa på utbygging av vegnettet i det ganske land. Lastebilnæringa har fått blomstre, og industrien har satsa nokså einsidig på denne typen transport. Mykje av verdiskapinga dei seinare åra har skjedd vest om fjella. Dette takka vere naturleg plassering, samt kreativt og dyktig mannskap. Men sidan det er lang veg til marknaden, kjem transporten inn som ein viktig del av det produksjonskjeda.

I vest har det vore ført ein kamp for å trygge transporten til sjøs m.a. ved å jobbe for ein tunell gjennon Stadt-halvøya. Og her er det ikkje transporten, men tryggleiken for mannskap og passasjerar som har vore hovudargumentet for bygging. I den førre stortingsperioden orda sentrale Ap-politikarar frampå om at no måtte ein vende augo mot sjøen og sjøtransport. Det burde byggast djupvasskaier og leggast til rette for varetransport på kjøl. Det vart sågar sett ned ein komite som skulle sjå på dette. Utan at ein har høyrt så mykje meir om saka. Dette var ei sak for den førre regjeringa, og den nye har ikkje teke opp tråden. Enno.

Bakgrunnen for eit slikt initiativ var nok først og fremst eit større internasjonalt fokus på miljø. Muleg at også rederinæringa har blitt høyrd. Men det er nok mest snakket om kor mange trailerlass som kunne vore spart viss ein hadde nytta meir kjøl eller bane å frakte godset på. Og med tilsvarande spart slitasje på norske vegar, noko som også kostar liv og pengar.

Som så ofte før er det økonomien og pengane som tel. Ikkje minst kjem dette fram i sentraliseringssykja som rir landet. Lokale avdelingar og lager innan næringslivet blir lagt ned. Kjedene bygg ut og flytter til store sentrale lagerbygg ved dei største byane, som så forsyner butikkane dagleg med varer. Landbrukskooperasjonen følgjer same trend. Mjølka i distrikta blir køyrt til storbyar som Trondheim, Bergen og Kristiansand, for så å bli frakta derifrå ut att til butikkane i fylka rundt. Slaktesamvirke har køyrt ei sentraliseringline lenge. Dette fører til mange arbeidsplassar i varetransporten, men miljøet blir mykje meir belasta med forureining.

Tiltaka for å løyse miljøproblema i tettbygde strøk resulterar ikkje i omlegging av hovedlinene i politikken til dei som styrer. Nei, her er det førebels berre matpakkekøyring som skal reduserast. Strakstiltaka med å nekte bruk av dieselbilar som styresmaktene tidlegare stimulerte til, rammar den vanlege borgar. Køyrefrie dagar er også tiltak bykommunar innimellom nyttar. Men regjeringa synest å sitje med hendene i fanget. Der tykkjer dei visst det er meir spanande å lyse ut jarnvegsdrifta slik at ho kan bli privat. Men vedlikehaldet av bana skal halde fram som før. Nok ein gong viser det seg at handlingsviljen til politikarane tykkjest sterkast i opposisjon. Samstundes ser vi at ei miljøvakning blant folk har resultert i at eit grønt miljøparti som no ”bruser litt med fjøra”.

Sjølv om miljøsnakket først og fremst er retta mot utsleppa til dei mange store kjøretya som dagleg fyller vegane våre - og særleg i tettbygde strøk - er det og andre sider som tel. Med mange slike trailerkolossar på vegane i all slags føre, ofte med utanlandsk opphav, blir det både meir stopp i trafikken og fleire ulukker. Dei smale og svingete vegane og problema med fjellovergangane skaper vanskar for dei store kjøretya på veg mot sentrale strøk. Med følgjer det får for den lokale trafikken. Media har og fokus på at sjåførane slit med å halde dei påbodne kviletidene, samt at det er vanskeleg å rekruttere norske sjåførar til transportnæringa.

I ein rapport som nyleg er kunngjort av bladet Energi, viser det seg at 30 prosent av vegtransporten, eller 5 til 7 millionar tonn gods, kan overførast til sjø. Då kan ein erstatte 300.000 trailarar med sjøtransport. Dette viser kva skipsfarten kan bidra med når vi skal forsøke å nå klimamåla våre på 40 % utsleppskutt innan 2030. I tillegg til å spare samfunnet for store utslepp, vil det også forenkle trafikkproblema til lands, noko som vi elles vil måtte handskast med framover. Altså ein vinn-vinn situasjon.

Kva vil skje på lengre sikt? Den som berre kunne å sjå inni krystallkula. Ein kan ikkje skjøne anna enn at styresmaktene omsider vil måtte ta grep for å betre miljø og minske utsleppa i staden for stadig å velje utsetjing . Landet vårt underteiknar internasjonale avtalar som vi ikkje kan kjøpe oss bort frå slik vi har gjort tidlegare. Dei små miljøtiltaka vi no ser konturane av, vil måtte utvidast til å bli landsomfattande og meir gjennomgripande. Dette får følgjer både på land og sjø. Det vil måtte kome ei snuing frå nokså einsidig varetransport landevegs, til meir via sjø og linje. Persontransporten vil måtte bli meir effektivisert. Eg trur dette vil kome dei tettbygde strøka mest til gode. Men det er også her dei opplever problema sterkast. Fossilt brennstoff vil også ha ei avgrensa tidperiode både på grunn av tilgang og forureining. Alle lurer berre på kor fort ein finn annan rimeleg og miljøvennleg teknologi å drifte maskinar og samfunn på enn dei ein hittil har prøvd ut. Uansett vil vi vanlege borgarar etter kvart måtte svi både økonomisk og ved å legge om livsføringa vår.

Kan vi gjere noko positivt og framtidsretta i Horten og Vestfold? Har vi miljø og enkeltpersonar som kan og vil investere og satse på ny teknologi? Begge deler må til. Vi veit til dømes at mykje av fiskeoppdretten, for å ha kontroll over sjukdom, sannsynlegvis vil måtte hamne på land om ikkje lenge. Då vil områda kring Oslofjorden vere like aktuelle for etablering som i Vest og Nord der oppdrettsanlegga er lokaliserte idag. Og dette alternativet blir det forska minimalt på.

Vil forskarmiljøet på Bakkenteigen gripe fatt i slike problemstillingar meir enn dei tidlegare har gjort? Det står att å sjå, men næringslivet i Vestfold har gjort banebrytande framsteg innan andre teknologiske område, så kvifor skulle dei ikkje for alvor vende auge mot miljø og transport også?

Jan Otto Hånes, Apenes

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags