Regjeringa har lansert ein heilskapleg plan med 63 konkrete tiltak for å redde Oslofjorden. Planen kom i mars, og no har den fått ny merksemd. Det er bra! Vi må arbeide langsiktig og systematisk gjennom fleire år for å betre miljøet i fjorden.

Oslofjordplanen er såleis ikkje noko uforpliktande valkamputspel, slik Rolf A. Andersen frå Naturvernforbundet i Horten skriv i Gjengangeren 23. august.

Det er riktig at Oslofjorden er sjuk, og dessverre er sjukdomsbildet komplekst. Ærfugl døyr. Tareskogen og ålegrasengene blir mindre. Miljøgifter gjer at vi ikkje bør ete fisk og skaldyr frå delar av fjorden.

Nettopp derfor la regjeringa fram den heilskaplege planen for Oslofjorden. Vi ønsker blant anna å skjerpe inn regelverket og korleis det etterlevast både når det gjeld påverknader frå landbruk og kloakk. Det er godt dokumentert at det er desse påverknadane saman med klimaendringar som gjer fjorden sjuk.

Planen er her, no handlar det om å gjennomføre den. I Oslofjorden, som mange andre stader i landet, er det mange krevjande val som må takast dersom omsyn til miljø og natur skal styrkast. Derfor er det bra at miljøsituasjonen i Oslofjorden no får den merksemda den fortener.

Eg er heilt samd med Rolf A. Andersen i at fleire må samarbeide for å redde Oslofjorden. Planen kan berre gjennomførast i fellesskap mellom staten og dei kommunane og fylkeskommunane som soknar til fjorden.

Derfor dreg eg no i gang Oslofjordrådet. Her samlar vi alle viktige aktørar som har påverknad på fjorden for å få alle til å trekke i same retning og setje inn tiltak samstundes så vi får maksimal effekt.

Eg håper søkelyset frå Naturvernforbundet, media og politikarar held seg når viktige avgjerder for Oslofjorden skal takast framover – i kommunar, fylkeskommunar og på statleg nivå. Berre slik kan vi få torsken og sjøfuglen tilbake i Oslofjorden att.