– Er det berre stille no, eller er det stille før stormen?

Av

Fylket vårt har ikkje vore av dei mest ramma når det kjem til smitte og sjukdom av koronaviruspandemien.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Vi veit ikkje sikkert om det er fordi vi har vore flinke eller fordi vi har vore heldige, og vi veit heller ikkje korleis det kjem til å gå.

Tek vi det for mykje med ro med smittevernanbefalingane no, slik at vi kjem til å få det verre om litt?

Vi hos Fylkesmannen har jobba med koronaviruspandemien lenge no. Vi byrja før landet stengde ned. Det har vore mykje jobb, og mange nye problemstillingar vi har måtta løyse. Vi veit ikkje om arbeidet vårt har ein del av æra for at det har gått såpass bra til no, men sjølvsagt har vi lyst til å tru det.

Vi ser sjølvsagt og at mykje av æra skal gå til kommunane og til helsetenestene. Og ikkje minst til dykk som bur i fylket. For det er mange små og store ting som har bidratt. Alt frå at grensene vart stengd til at du som les dette heldt avstand i butikken. Og kanskje også fordi du let vere å dra til den gamle tanta på sjukeheimen då det storma som verst.

Etter kvart blei grensene opna meir, og vi kunne vere nærare dei rundt oss. To meter blei til ein meter. Vi kunne til og med reise på sommarferie. Det trur eg var godt for mange. Ikkje minst var det godt å kunne besøke den gamle tanta igjen. Og det var nok godt for ho og.

Hos Fylkesmannen har det etter kvart blitt litt rolegare dagar. Vi har kunne gå tilbake til noko av det som var oppgåva vår før pandemien. For vi har måtta skyve på mange ting. Det er godt å endeleg kunne få avgjort saka der «Herr Hansen» ynskjer å vite om kona fekk forsvarleg helsehjelp i tida før ho døydde. Det har vore tungt for han å vente på ein så viktig avgjerd. Men likevel har han vist forståing. Han forstår at vi har måtta prioritere koronaviruset, og at vi kanskje må gjere det igjen. Han har attpåtil fylgd smittevernanbefalingane, og passa både seg sjølv og andre frå å bli sjuk. Det er mykje nestekjærleik og omsorg i å fylgje desse anbefalingane. Han har gjort små men viktige og heltemodige handlingar kvar dag. Han har ofra litt. «Herr Hansen» er ein kvardagshelt. All ære til han!

At det har blitt rolegare for oss hjå Fylkesmannen, gjev og rom for ettertanke. Eller i denne samanhengen, kanskje ein «førtanke»? Er det berre stille no, eller er det stille før stormen? For vi veit at koronaviruset og finst heime hjå oss. Og at vi ikkje skal reise så langt for å komme til stader der det er mindre kontroll. Viruset bankar framleis på døra vår, og vil meir enn gjerne komma inn i stua.

Truleg er det summen av alle tiltaka som har gjeve situasjonen vi er i no. Summen av alle dei gongane vi saman har klart å holde meteren, ikkje har møtt for mange på fest og dei tallause gongane vi har sprita og vaska hendane. Og ikkje minst fordi vi har halde oss heime med symptom på luftvegsinfeksjon. Vi synes at vi saman har vore flinke.

Om alle fortset med det, om vi fortset med å gjere alle dei kloke tinga som ikkje kostar oss for mykje i kvardagen, då kan vi kanskje hindre at det blir ein storm no etter stilla. Kanskje blir det ein kuling i staden, eller berre ein bris?

Saman har vi vore flinke til no, så veit vi korleis vi skal vere flinke vidare og.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 07:00.